Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Grensejustering

Du kan søke om å justere grenser mellom eigedomar.

Dette får du

  • Du får oppmålt og koordinatfesta den nye eigedomsgrensa.
  • Den nye grensa blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt matrikkelbrev.

NB: Ved grensejustering kan arealet for dei involverte eigedomane justerast med inntil 5 % av den minste eigedomen sitt areal (maksgrense er sett til 500 m2).

Slik søker du

  1. Fyll ut rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
  2. Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva område søknaden gjeld. Kart finn du i vår kartbutikk.

NB: Kartet må vere av ny dato og i målestokk 1:500 (1:1000) for store tiltak), samt vere påført rutenett medkoordinatar. Dersom kartet ikkje er i rett målestokk, vil søknaden bli returnert utan behandling.

Viktig informasjon før du søker:

  • Dersom nokon har urådigheiter knytt til eigedomen, må du legge ved originalt samtykke til tiltaket frå den eller dei som har denne retten. Ein urådigheit inneber at den som har grunnboksheimel til eigedomen ikkje kan råde fritt over eigedomen, men må ha samtykke frå ein bestemt person for å kunne tinglyse.

Send søknaden til 

  • Bjørnafjorden kommune, pb. 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere i Kommunetorget på Osøyro eller Kommunetunet i Eikelandsosen.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Sjå oversikt betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune 2020.

Til toppen