Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Samanslåing av eigedomar

Du kan søke om samanslåing av to eller fleire eigedomar dersom eigedomane grenser opp til kvarandre, har same eigar, og har like eller ingen pengehefte.
Pengehefte er hefte som kan ha innverknad på eigedomen sin verdi, til dømes panterett, burett, forkjøpsrett og bruksrettar.

Dette får du

  • Eigedomar som er slått saman
  • Ny samanslått eigedom vert tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen)
  • Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev

Slik søker du

Viktig informasjon før du søker

  • Dersom nokon har urådigheiter knytt til eigedomen, må du legge ved originalt samtykke til tiltaket frå den eller dei som har denne retten. Ein urådigheit inneber at den som har grunnboksheimel til eigedomen ikkje kan råde fritt over eigedomen, men må ha samtykke frå ein bestemt person for å kunne tinglyse.

Send søknaden til 

  • Bjørnafjorden kommune, pb. 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere i Kommunetorget på Osøyro eller Kommunetunet i Eikelandsosen.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Samanslåing av eigedomar er kostnadsfritt.

Til toppen