Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Seksjonering og reseksjonering

Du kan søke om å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar eller søke om endring av eksisterande seksjonar i ein bygning (reseksjonering).

Du kan også søke om oppmåling av uteareal slik at alle eller nokre av seksjonane får eksklusiv rett til uteareal.

Dette får du

  • Bygningen blir delt opp i fleire eigarseksjonar, og eventuelt utearel fordelt mellom seksjonane.
  • Den seksjonerte eigedomen blir tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Koordinatfesta grenser for eventuelt uteareal blir tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev..

Slik søker du

  1. Fyll ut søknadsskjema Søknad om seksjonering eller Søknad om reseksjonering. Legg ved alle nødvendige dokument som er lista opp under punkt 8 i søknaden.
  2. Ved seksjonering av uteareal må du òg fylle ut søknadsskjema for deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning. (PDF, 405 kB)

Viktig informasjon før du søker

  • Du må legge fram dokumentasjon på at bustadseksjonar oppfyller krava til å vere sjølvstendige bueiningar etter plan- og bygningslova. Som regel vil slik dokumentasjon gå fram av løyve etter plan- og bygningslova, men også opplysningar frå matrikkelen, tinglyste klausular eller anna dokument kan vere gjeldande. 
  • Les også rettleiaren til eigarseksjonslova.

Send søknaden til 

  • Bjørnafjorden kommune, pb. 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere i Kommunetorget på Osøyro eller Kommunetunet i Eikelandsosen.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.   

Kva kostar det?

Sjå oversikt betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune 2020.

Til toppen