Forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel - Bjørnafjorden 2023-2035

Vi har no laga eit forslag til samfunnsdelen av den første kommuneplanen for Bjørnafjorden kommune, og formannskapet har vedtatt å senda det ut på høyring. Samfunnsdelen handlar om korleis vi vil ha det i Bjørnafjorden dei neste 12 åra, og kva vi må gjera for å få det til. Bjørnafjorden = alle oss som bur og arbeider her. Planforslaget bygger m.a. på innspel frå innbyggarar, politikarar og tilsette i kommunen.

Forslaget til samfunnsdel av kommuneplanen skal liggja ute til høyring i sommar, og du er velkommen til å seia di meining om det. Fristen for høyringsinnspel er 31. august.

Kva handlar denne planen om?

Den handlar om livet i bygdene/krinsane og tettstadane våre, korleis vi kjem oss frå A til Å, og korleis vi kan ta vare på natur og miljø. Den handlar om arbeidsplassar, fritid og kulturliv. Og korleis vi skal greia å yta treffsikre tenester til innbyggarane i takt med endringane i samfunnet. Den seier òg noko om korleis vi skal bruka arealet vårt. 

Ei hovudutfordring og hovudoppgåve desse første åra som ny kommune, er å bygga og knyta oss saman som ein kommune. Det tar tid og krev tolmod. Den første samfunnsdelen av kommuneplan for Bjørnafjorden kommune skal hjelpa oss i dette arbeidet. 

Det gode liv for alle

Politikarane våre og vi som jobbar i kommunen ønskjer at alle skal kunna leva gode liv i Bjørnafjorden. Å leggja til rette for det, er hovudoppdraget vårt som kommune. Å skapa gode liv for alle er noko vi må samarbeida om. Vi har alle eit ansvar for å sikra ei god samfunnsutvikling. Bjørnafjorden – det er alle som bur og arbeider her, og vi må alle bidra til at den nye kommunen blir ein god stad å leva.

Takk til alle som har medverka!

Vi har fått mange gode innspel frå innbyggarane og politikarane våre og ulike kompetansemiljø i kommuneorganisasjonen. Vi har lagt særleg vekt på å henta inn innspel frå ungdommar, eldre, menneske med nedsett funksjonsevne, nye bjørnafjordingar, næringsliv og beredskapsaktørar. Takk til alle som har medverka!

Ungdommar deltar på gruppearbeid - Klikk for stort bileteGod stemning og gode innspel då 10. klassingar på Nore Neset ungdomsskule fekk vera "ordførar for ein dag" og koma med innspel til ordførar Trine Lindborg til korleis dei ønskjer at vi skal ha det framover i Bjørnafjorden EMB. Vangsnes

Fire satsingsområde

Vi har vald fire område som vi må satsa ekstra på framover. Desse satsingsområda med tilhøyrande mål og strategiar bygger både på innspela vi har fått, dei utfordringane kommunen vår står overfor, FN sine berekraftsmål og andre overordna føringar for kommunal planlegging:

  1. Framtidsretta transport og infrastruktur
  2. Folk og fellesskap i berekraftige tettstadar og lokalsamfunn
  3. Framtidsretta Bjørnafjorden kommune
  4. Samarbeid for å nå måla

Kva må vi ha for å vera ein framtidsretta kommune? Vi har delt dette satsingsområdet i tre underområde, som alle er avgjerande for at Bjørnafjorden kommune skal vera framtidsretta: 1. Natur-, klima- og miljøvenlege lokalsamfunn; 2. Treffsikre tenester og 3. Berekraftig og nyskapande næringsutvikling og arbeidsliv.

Berekraftig utvikling 

Vi skal i all planlegging ta omsyn til FN sine berekraftsmål, det er bestemt nasjonalt. Berekraftig utvikling er ei utvikling som er god både for enkeltmenneske og samfunn i dag, og for framtidige generasjonar. Berekraft handlar både om natur, miljø og klima, sosiale forhold og økonomi. Vi må prøva å finna løysingar som både tar omsyn til natur, miljø og klima, styrkjer sosiale forhold og er økonomisk fornuftige - på ein gong.

Berekraftsmåla er ei hjelp i arbeidet med å skapa eit berekraftig og trygt samfunn, både her heime og i resten av verda. Vi har gjennom arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen henta innspel til, og diskutert, kva desse måla betyr for oss i Bjørnafjorden og korleis vi kan arbeida for å nå dei. Dette finn du meir om i planforslaget.

Har du kommentarar til planforslaget?

Formannskapet vedtok 2.6.2022 å leggja planforslaget ut på høyring. Sakspapira frå formannskapsmøtet finn du her - sjå sak 83/2022.

Har du meiningar om høyringsforslaget til samfunnsdel av kommuneplanen for Bjørnafjorden kommune 2023-2035? Bruk skjemaet nedanfor til å senda oss din kommentar/ditt innspel.

Send ditt innspel (digitalt skjema)

FN sine 17 berekraftsmål

Kontakt

Ella Marie Brekke Vangsnes
Rådgjevar
Mobil: 47394983
Til toppen