Korleis skal vi ha det i Bjørnafjorden framover?

Vi er i gang med å laga den første kommuneplanen for den nye kommunen vår. Først skal vi laga ein samfunnsdel. Den skal ta for seg korleis vi vil ha det i Bjørnafjorden dei neste 12 åra, og kva vi må gjera for å få det til.

Den skal handla om livet i bygdene/krinsane og tettstadane våre, korleis vi kjem oss frå A til Å, og korleis vi kan ta vare på natur og miljø. Den skal seia noko om korleis vi skal bruka arealet vårt. Om arbeidsplassar. Og korleis vi skal greia å yta treffsikre tenester til innbyggjarane i takt med endringane i samfunnet. For å få til dette, ønskjer vi samarbeid med alle gode krefter i Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden = oss, og akkurat du er viktig. Korleis ønskjer du at vi skal ha det framover? Vi vil vita kva du meiner. 

Det gode liv for alle

Politikarane våre og vi som jobbar i kommunen ønskjer at alle skal kunna leva gode liv i Bjørnafjorden. Å leggja til rette for det, er hovudoppdraget vårt som kommune. Å skapa gode liv for alle er noko vi må samarbeida om og bidra til, alle vi som bur og arbeider i Bjørnafjorden.

Kva skal til for å kunna leva eit godt liv? Kva er bra slik det er i dag? Kva saknar du? Bruk skjemaet nedanfor til å senda oss eit innspel og fortelja kva som er viktig for deg.

Send ditt innspel

Kva er berekraftig utvikling for deg?

FN sine berekraftsmål er ei hjelp i arbeidet med å skapa eit berekraftig og trygt samfunn, både her heime og i resten av verda. Kva betyr desse måla for oss i Bjørnafjorden? Kva for mål er mest relevante hos oss? Korleis skal vi arbeida for å nå dei?

Berekraftig utvikling er ei utvikling som er god både for enkeltmenneske og samfunn i dag, og for framtidige generasjonar. Berekraft handlar både om miljø og klima, sosiale forhold og økonomi. Korleis kan vi finna løysingar som både tar omsyn til miljø og klima, styrkjer sosiale forhold og er økonomisk fornuftige - på ein gong? Vi vil gjerne vita kva du tenkjer og meiner.

Svar på undersøkinga

Klikk for stort bileteFN sine 17 berekraftsmål

Kontakt

Ella Marie Brekke Vangsnes
Rådgjevar
Mobil: 473 94 983
Til toppen