Politiske utval 2019-2023Her ser du ei oversikt over alle utval i kommunen, og kvart enkelt utval sine oppgåver. Trykk på eit utval for å sjå møteplan, kva for saker utvalet har til behandling og medlemmar i utvalet. Bjørnafjorden kommunestyre Kommunen sitt øvste styrande organ. Behandlar saker som først har vore innom kommunedirektør, ordførar og/eller dei ulike politiske utvala og gjer vedtak på kommunen sine vegner. Bjørnafjorden formannskap Heilskapsplanlegging (kommuneplan) og andre større planar som går på tvers av fleire sektorar. Politiske leiings- og samordningsoppgåver. Leier arbeidet med økonomiplanen og legg fram forslag til økonomiplan og årsbudsjett. Overordna personalpolitikk og organisasjonsutvikling. Kjøp og sal av kommunale tomter og eigedomar Andre prinsipielle saker som ikkje er lagt til andre utval og saker etter tilvising frå ordføraren Valstyre for kommune-, fylkes- og stortingsval. Ekspropriasjon/oreigning. Vedtak i samband med sals- og skjenkeløyver. Plan-, bygg- og miljøutvalet Behandlar arealsaker etter plan- og bygningslov, jordlov og relaterte lover. Ansvarleg for arealdelen til kommuneplanen og rammeplanar for infrastruktur i samband med areal: avløp, vatn, energi, trafikksikring. Rapporterer til kommunestyret. Tenesteutvalet Utvalet blei nedlagd etter vedtak i kommunestyret 17.06.2021. Utvalet var i verksemd ut året 2021. Det dreiv med utvikling og oppfølging av tenestene kommunen tilbyr og rapporterte til kommunestyret. Administrasjonsutvalet Behandlar saker som gjeld det overordna forholdet mellom kommunen og tilsette i kommunen, til dømes lønn, arbeidsmiljø og sjukefråvær. Utviklingstiltak, oppfølging og implementering av nasjonale reformer. Kontrollutvalet Kontroll og tilsyn med alle område i kommunen. Hovudføremålet er å sikre at innbyggarane har tillit til at kommunen løyser oppgåvene sine på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover og reglar. Eigedomsutvalet Behandlar kommunens kjøp og sal av eigedom. Bjørnafjorden eldreråd Skal sikre at eldre innbyggarar sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast. Bjørnafjorden ungdomsråd Skal sikre at ungdom sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast. Sjå vedtekter for Bjørnafjorden ungdomsråd (PDF, 151 kB) Sjå handlingsplan for Bjørnafjorden ungdomsråd (PDF, 80 kB) Råd for menneske med med nedsett funksjonsevne Skal sikre at innbyggarar med nedsett funksjonsevne sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast. Bjørnafjorden valstyre Ansvar for førebuing og gjennomføring av kommune-, fylkestings- og stortingsval. Formannskapet er valstyre i Bjørnafjorden kommune. Ombodsutvalet Utvalet skal minst ein gong i valperioden førebu rullering av og fremja forslag til eventuelle endringar og tillegg i dei ulike reglementa for politiske utval i Bjørnafjorden kommune. Klagenemnd Har mandat til å avgjere klagesaker som gjeld enkeltvedtak (Gjeld ikkje vedtak som er gjort etter særlov, eller der det er fastsett i særlov at kommunestyret er klageinstans). Sist endra 19.01.2023 11:26
Kontrollutvalet Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum eit av desse må vera medlem av kommunestyret. Leiar i utvalet ...