Ambulerande stemmegiving

Bjørnafjorden valstyre har vedteke at det blir ambulerande stemmegiving følgjande plassar:

  • Fusa bu- og behandlingssenter, måndag 23. august kl. 10.00-14.00
  • Eikhovdaheimen, tysdag 24. august kl. 10.00-11.30
  • Baldersheim helsetun, onsdag 25. august kl. 10.00-11.30
  • Kongshaug musikkgymnas, måndag 30. august kl. 09.00-11.00
  • Ravneberghaugen, måndag 30. august 13.00-14.30
  • Os gymnas, tysdag 31. august kl. 09.00-11.00
  • Os vidaregåande skule, tysdag 31. august kl. 13.00-15.00
  • Luranetunet, onsdag 1. september kl. 10.00-14.00
  • Kysthospitalet, torsdag 2. september kl. 10.00-11.30
  • Gamleheimshagen, torsdag 2. september kl. 13.00-15.00

Ambulerande stemmegiving i tidlegare krinsar som no ikkje lenger har tilbod om fysisk vallokale blir på følgande stader:

  • Nore Fusa: parkeringsplassen til nærbutikken i Holmefjord, måndag 23. august kl. 16.00-18.00
  • Strandvik: ved Joker Strandvik, tysdag 24. august kl. 14.00-16.00
  • Hålandsdal: ved Hålandsdalen Montessoriskule, onsdag 25. august kl. 14.00-16.00
  • Søfteland: øvre parkeringsplass ved Søfteland barneskule, onsdag 1. september kl. 16.00-19.00

Heimestemming startar i utgangspunktet 6. september.

Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal stemme.
Valkort gjeld ikkje som legitimasjon.

Sjå valg.no for meir informasjon om stortings- og sametingsvalet 2021
 

Til toppen