Info om stortings- og sametingsvalet 2021

Stortings- og sametingsvalet blir halde 13. september 2021.

Uansett smittesituasjon i Bjørnafjorden kommune vil det 13. september bli gjennomført stortings- og sametingsval.

Personar som på grunn av covid-19-smitte er i karantene eller isolasjon kan stemme heime også på valdagen. Meir informasjon og lenke til søknad om særskild heimestemming vil bli lagt ut på denne sida i slutten av august.

Viktige datoar

  • 1. juli: tidlegstemming startar
  • Etter 10. juli: Manntal blir lagt ut til ettersyn i Kommunetorget på Bjørnafjorden Rådhus, Osøyro og Kommunetunet i Eikelandsosen
  • 10. august: ordinær førehandsstemming startar
  • 23. august: stemming på institusjonar/vidaregåande skular/nedlagde krinsar startar
  • 6. september: heimestemming startar
  • 10. september, kl. 10.00 : siste frist for søknad om heimestemming
  • 10. september: siste dag for førehandsstemming 
  • 13. september VALDAG

Sametingsvalet

MERK! Skal du stemme ved sametingsvalet, så må du gjere dette gjennom førehandsstemming; du kan ikkje gjere det på sjølve valdagen. Dette er fordi det er færre enn 30 personar som er registrerte i Sametinget sitt valmanntal i Bjørnafjorden kommune.  

Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal stemme.
Valkort gjeld ikkje som legitimasjon.

Sjå valg.no for meir informasjon om stortings- og sametingsvalet 2021

Til toppen