Tidlegstemming

Frå 1. juli kan du tidlegstemma i Kommunetorget i Bjørnafjorden rådhus, Osøyro, kl. 08.00-15.30.

Ved tidlegstemming i perioden frå 1. juli til 9. august er ikkje dei ordinære stemmesetlane med kandidatnamn klare. 

Stemmesetlane som blir nytta ved tidleg førehandsstemming, inneheld berre namn på alle registrerte politiske parti i Noreg. Du merker av for det partiet du ønskjer å stemme på. Ønskjer du å stemme på eit parti/gruppe som ikkje står på stemmesetelen, skriv du namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på stemmesetelen.

Ver merksam på at ikkje alle parti stiller til val i alle fylke. Du kan ikkje gjere endringar i rekkefølgja på kandidatar eller stryke kandidatar om du tidlegstemmer før 10. august.

Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal stemme! 

Til toppen