Vil du vere valmedarbeidar?

Klikk for stort bileteMåndag 13. september 2021 er det stortings- og sametingsval. Vil du vere med og oppleve demokrati i praksis - frå innsida? Bjørnafjorden kommune søkjer no valmedarbeidarar til valdagen.

På valdagen er dei fleste lokala opne frå klokka 9 til 21. Det vil vere ein vaktplan med skift for valmedarbeidarar.

Arbeidsopppgåvene vil vere vakthald, rettleiing, avkryssing i manntal og stemmemottak.

Godtgjering

Du vil få godtgjering for arbeidet.

Krav til valmedarbeidarar

  • Du må vere over 18 år 
  • Du kan ikkje stå som listekandidat i den aktuelle valkrinsen

Alle valmedarbeidarar må gjennomføre obligatorisk opplæring i august.

Slik søkjer du

Søk elektronisk om å bli valmedarbeidar

Har du spørsmål?

Send e-post til val@bjornafjorden.kommune.no

Til toppen