Her kan du førehandsstemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023

Valg.no

Du kan førehandsstemme i alle landets kommunar frå 10. august til 8. september. Valdagen er måndag 11. september 2023.

Tidleg førehandsstemming

  • Tidleg førehandsstemming skjer i Kommunetorget, Bjørnafjorden rådhus 3. juli - 9. august.
    Opningstider måndag, tysdag, torsdag og fredag klokka 10.00-14.00. Onsdag stengd.
  • Tidleg førehandsstemming skjer før den ordinære førehandsstemminga og startar vanlegvis 1. juli, men i år er det ein  laurdag, og då startar det først på måndag 3. juli.

Her kan du førehandsstemme i Bjørnafjorden kommune:

  • Vognhallen, Osøyro, måndag - fredag kl. 9-15. 
  • Kommunetunet, Eikelandsosen, måndag - fredag kl. 9-15. 

Utvida opningstider for begge lokala: 

  • Torsdag 31. august, onsdag 6. og torsdag 7. september kl. 9-17
  • Laurdag 25. august og laurdag 2. september kl. 10-14

Husk å ta med deg legitimasjon når du skal stemme.
Valkort gjeld ikkje som legitimasjon.

Ambulerande stemmegiving

Bjørnafjorden valstyre har vedtatt at det blir ambulerande stemmegiving følgjande stader:

  • Fusa bu- og behandlingssenter
  • Eikhovdaheimen
  • Baldersheim helsetun
  • Kongshaug musikkgymnas
  • Ravneberghaugen
  • Os gymnas
  • Os vidaregåande skule
  • Luranetunet
  • Kysthospitalet
  • Gamleheimshagen
  • Holdhus (ved skulen)
  • Holmefjord (ved butikken) 
  • Strandvik (ved butikken)

 

Heimestemming

Veljarar som ikkje er i stand til å ta seg fram til eit vallokale, har krav på å få stemme heimefrå. Det kjem meir informasjon om dette når det nærmar seg valdagen 11. september. Det kjem meir informasjon om dette når det nærmar seg valdagen 11. september. 

Til toppen