Stemme heimeHar du behov for å stemme heime? Slik går du fram: Heimestemming Veljarar som ikkje er i stand til å ta seg fram til eit vallokale, har krav på å få stemme heimefrå. Dette kan du gjere frå 31. august til 8. september. Frist for å søke om heimestemming er tysdag 5. september klokka 12.00. Kontakt Bjørnafjorden kommune på telefon 5657 5000, e-post val@bjornafjorden.kommune.no eller Valstyret i Bjørnafjorden, Postboks 123, 5202 Os. Husk å ta med deg legitimasjon når du skal stemme. Valkort gjeld ikkje som legitimasjon. Sjå valg.no for meir informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Publisert av Elisabeth Farstad Sist endra 28.08.2023 09:37