Kunngjorte listeforslag
Det er no mogleg å sende elektroniske listeforslag, og du kan også signere elektronisk. Dette må du gjere via Valgdirektoratet si løysing.
Her finn du informasjon om oppretting av elektronisk listeforslag.
Om du leverer på papir, må posten ha komme frem, eller forslaget vere levert, innan fristen fredag 31. mars klokken 12.00. Listeforslag levert etter fristen vil bli avvist.
Her kan du levere listeforslag:
Frist for innlevering av listeforslag er 31. mars 2023 kl. 12.00. Denne fristen er absolutt. Sjå krav og frister på valg.no.
Eit gyldig listeforslag må enten:
- ha komme fram til kommunen innan fristen via e-post eller personleg innlevering
- ha komme inn til kommunen innan fristen gjennom valgdirektoratet si løysing for innsamling av elektroniske underskrifter
- ha komme inn til kommunen via faks eller e-post, der signaturar må vera synleg på forslaget. Originale underskrifter må leverast eller sendast inn med det same.
(Erklæring om tilbakekalling må vere innlevert seinast 20. april kl. 12.00)
Slik går du fram
I forslaget skal det stå kva val det gjeld (kommunestyrevalet 2023), kva kommune det gjeld og namn på partiet/gruppa. Kandidatane som stiller til val skal stå på lista. Desse kan ikkje stå på meir enn ei liste, og dei må vere valbare til kommunestyrevalet (vallova §3-3). Kandidatane må vera oppførde med fornamn, etternamn og fødselsår. Stilling eller bustad kan påførast. Dette skal gjerast viss det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatane på lista.
Ein kan gi dei øvste kandidatane på listeforslaget eit stemmetillegg tilsvarande 25 prosent av det talet stemmesetlar lista har fått ved valet. Talet er regulert etter talet på kommunestyrerepresentantar som skal veljast. Når talet er mellom 25 og 53 medlemmer, er det mogleg å gi stemmetillegg til inntil 6 kandidatar.
For parti som ved førre stortingsval fekk ei oppslutning på minst 500 stemmer i eit valdistrikt eller minst 5000 stemmer i heile landet, er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av minst to av styremedlemmene i partiet sitt lokallag i den kommunen lista gjeld. Underskrivarane må ha stemmerett i kommunen.
For andre forslagsstillarar skal listeforslaget vere underskrive av eit det talet personar med stemmerett i kommunen som tilsvarar 2 prosent av talet på stemmeberettiga innbyggjarar ved sist kommunestyreval. Listeforslaget skal likevel som eit minimum vere underskrive av like mange stemmeføre personar i kommunen som det skal veljast medlemmer til kommunestyret (jf vallova § 6-3).
Listeforslaget skal ha følgjande vedlegg (vallova § 6-1, jf §6-4):
- Ein oversikt over kandidatane sin fødselsdato
- Ein oversikt over fødselsdato og bustadsadresse til dei som har underteikna listeforslaget
- Dersom ein kandidat ikkje er folkeregisteret i kommunen når listeforslaget leverast inn, skal det leggast ved ei erklæring på at kandidaten er valbar på valdagen.
- Dersom ein kandidat ikkje er valbar på grunn av sin stilling, må det leggast ved ein erklæring frå kandidaten på at vedkomande vil ha fråtrett sin stilling når kommunestyret trer i funksjon.
Det skal veljast 35 kommunestyrerepresentantar for Bjørnafjorden ved kommunestyrevalet 2023. Det betyr i følgje vallova sin § 6-2 nr. 2, at det i Bjørnafjorden skal vera minst 7 og maksimum 41 namn på ei valliste.
Som hjelp til utforminga av listeforslaget bør de sjå nøye på vallova sine paragrafar, særleg kapitla 3 og 6, som er relevante for utforminga, pluss kap. 2 om stemmerett. Det siste gjeld for underskrivarane, som må ha stemmerett i kommunevalet i Bjørnafjorden.
Valinformasjon vil komme kontinuerleg på kommunal- og distriktsdepartementet si valside www.valg.no
Malar til bruk for listeforslaget finn du denne lenka: Listeforslag - Valgdirektoratet
Det er ikkje obligatorisk å bruke dette skjemaet så lenge lova sitt minstekrav til listeforslaga er oppfylte. Fullstendig utfylte malar vil ta i vare både lova sitt krav til liste og valstyret sin trong for informasjon. Dette vil lette arbeidet og minske trongen for korrespondanse med tillitsvalde i tida fram mot godkjenning, kunngjering av overskrifter og offentleggjering av listene.