Står du i manntalet i Bjørnafjorden kommune?

Manntalet er ei liste over alle personar som har stemmerett ved val i Noreg. Informasjon frå folkeregisteret ligg til grunn for manntalet. Kor du har stemmerett er derfor avhengig av kva kommune du er er folkeregistrert i per 30. juni i valåret. Manntalet i Bjørnafjorden kommune blir lagt ut til ettersyn i Kommunetorget på Bjørnafjorden Rådhus, Osøyro og Kommunetunet i Eikelandsosen frå 10. juli. 

Dersom du melder flytting til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett i din gamle bustadkommune. Ved melding om flytting før 30. juni i valåret vil du ha stemmerett i den nye bustadskommunen.

Krav om retting av feil eller klage

Det er ikkje ofte det er feil i manntalet, men vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at dette kan skje. Merk at krav om retting av eventuelle feil ikkje gjeld for veljarar som har flytta etter 30. juni. At du flytter etter denne datoen, og dermed står manntallsført i ein annan kommune enn der du er registert som busett på valdagen, er ikkje feil. Det er ikkje høve til å føre manntalet i strid med folkeregisteropplysningar på dette tidspunktet.

Krav om retting av feil, oppdaga feil eller klage skal sendast:

Bjørnafjorden valstyre
Pb 123
5202 OS

Les meir om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 på valg.no