Frå 10. august er det mogleg å førehandsstemme til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Før den tid sender Valdirektoratet ut valkort til alle som kan stemme.
Ei stadfesting på stemmeretten, men ikkje nødvendig for å stemme
Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har stemmerett ved årets kommunestyre- og fylkestingsval.
I tillegg vil du finne nyttig informasjon om valet på valkortet. I år blir også valkorta sendt ut digitalt. Digitale valkort kan brukast direkte på mobiletelefonen, og dei er ikkje nødvendige å skrive ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal stemme, men det gjer sjølve stemmegivinga enklare og raskare.
Det einaste du må ha med deg er legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato. Har du dette, så får du stemme, seier direktøren.
Det er ikkje mogleg å stemme på nett med digitalt valkort. Det er ikkje gjort endringar i korleis valet blir gjennomført. Veljarane må møte opp i eit vallokale og stemme på papirstemmesetlar som tidligare. Du kan avlegge stemme i heile landet fram til 10. september. På sjølve valdagen må du stemme i kommunen der du er folkeregistrert.
Blir sendt til di digitale postkasse og varslar deg med SMS
Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med en SMS. Du som brukar Digipost eller E-boks, finn valkortet ditt der. Dersom du kkje har ei digital postkasse, får du tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn.
Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får fortsatt valkort tilsendt på papir.
Totalt blir det sendt ut over 3,5 millionar digitale og ca. 300 000 valkort på papir.
Les meir om digitale valkort på valg.no