Bestill time for tredje dose koronavaksine no - men berre dersom det har gått lang nok tid sidan andre dose

Klikk her for å bestille time til massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag

  • 65 år og over: Minimum fem månader etter andre dose.
  • 18-64 år: Minimum seks månader etter andre dose.

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649
 

12. april: Eitt nytt smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går

Ein mann i 50-åra fekk påvist covid-19 i går, måndag.

- Smittevegen er ukjend, men sannsynlegvis ikkje i vår kommune, kommuneoverlege Klaus Melf.
Smittesporing og vidare oppfølging skjer i ein annan kommune, der den smitta oppheld seg.

Slik går du fram for å teste deg 

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

Til toppen