12. november: Ingen nærkontaktar smitta på Luranetunet

Klikk for stort bileteEtter at ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter fekk påvist smitte måndag 9. november, blei 16 bebuarar og sju tilsette sett i karantene og testa for covid-19, fordi dei har hatt nærkontakt med den smitta.

Testsvaret er negativt for alle dei 23 nærkontaktane.

- I samsvar med rettleiarane frå FHI må alle nærkontaktane vere i karantene til og med 15. november, sjølv om testsvaret er negativt. Men alt tyder heldigvis på at dette har gått bra. Det er ei stor lette for oss alle. Eg vil rose bebuarane og deira pårørande som taklar alt dette på ein svært god måte. Eg vil òg rette ein stor takk til dei fantastisk flinke og ansvarsfulle tilsette på Luranetunet. Det er ein tøff situasjon å stå i, og det er ikkje berre enkelt å jobbe i fullt smittevernutstyr. Dette er folk som verkeleg kan sine smittevernrutinar, og som står på for å halde hjula i gang, seier ordførar Trine Lindborg.
 

Til toppen