14. november: Elevar og lærarar på 10. trinn ved Nore Neset ungdomsskule i karantene etter nytt smittetilfelle

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Ein elev på 10. trinn ved Nore Neset ungdomsskule har fått påvist covid-19.

Som følgje av dette må nær halvparten av elevane og sju lærarar på trinnet vere i karantene fram til og med 21. november.

Ikkje alle på trinnet må i karantene

Nær halvparten av elevane på 10. trinn er rekna som nærkontaktar til den smitta eleven. Dei øvrige elevane på trinnet er ikkje i karantene, men alle vil likevel få digital heimeundervisning neste veke. Ingen elevar på 10. trinn på Nore Neset ungdomsskule skal difor møte fysisk på skulen neste veke.

Kommunen og rektor ved Nore Neset ungdomsskule følgjer opp den smitta eleven, elevane på trinnet og dei tilsette.

Føresette til alle nærkontaktane har laurdag blitt oppringt for rettleiing og informasjon frå helsepersonell i Bjørnafjorden kommune.

Alle andre møter som vanleg på måndag

Det er ingen grunn til å tru at elevar eller tilsette på dei andre trinna ved skulen har vore utsette for smitte i dette tilfellet, og dei kan difor møte på skulen som vanleg på måndag.

Testen er tatt i ein annan kommune, og resultatet blei difor ikkje formidla til kommuneoverlegen i Bjørnafjorden kommune. Dei føresette til den smitta eleven informerte sjølve skulen.
Smittevegen er kjend, og har ikkje samanheng med andre covid-19-tilfelle i Bjørnafjorden kommune.

- Vi har hatt mange smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune denne veka. Dette påverkar oss alle, på ein eller annan måte. Når smitten råkar i skular og barnehagar, blir ekstra mange påverka fordi dei må i karantene. Eg forstår at mange kjenner på uro. Det er svært viktig at vi held fram med å følgje smittevernreglane. Men det er òg svært viktig at vi er greie med kvarandre og tar vare på kvarandre i tøffe tider - det gjeld både ungdom og oss vaksne, seier ordførar Trine Lindborg.

Til toppen