17. august: Nytt tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteEin mann i 20-åra har testa positivt for covid-19. Han har vore busett i utlandet det siste året, og blitt smitta der. 

Kommuneoverlegen har utført smittesporing av nærkontaktar og melder at smitten er under kontroll. 

Den smitta og familien hans har alle vore i karantene sidan han kom heim til Noreg førre veke. FHI er varsla i samband med smittesporing på fly.

Totalt er det no 19 bekrefta smittetilfelle av det nye koronaviruset covid-19 i Bjørnafjorden kommune.

Til toppen