2. mars: Tre nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteOPPDATERT kl 1230: Alle med tilknytning til Flåten Naturbarnehage. Sekvensering viser at det ikkje er eit mutert virus.

To barnehagebarn og ein far i 30-åra har fått påvist smitte av SARS-COV-2. Alle har ein tilknytning til Fåten Naturbarnehage.

-    Vi ser at viruset no har smitta vidare frå barn til føresatte. Det er ikkje unaturleg då det er vanskeleg å halde barn i isolasjon på same måte som med vaksne, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Kommunen hadde ikkje fått svar frå laboratoriet på om det er ein mutert variant av koronaviruset som har spreidd seg i barnehagen då denne artikkelen blei lagt ut. No har svaret kome og det er ikkje ein mutert variant av Covid-19.

-    Når vi ser korleis dette har utvikla seg vil vi oppmode familiemedlemmer som ikkje har testa seg om å gjere dette. Vi har god kapasitet ved teststasjonen. Familiemedlemmane, som søsken, vil ikkje bli satt i karantene som følgje av testinga og kan møte vener og kjente innanfor dei vanlege smittevernreglane.

-    Eg vil samstudes minne heile befolkninga om dei basale smitteverntiltaka. Hald avstand, vask henda, test deg og hald deg heime om du får symptomer.  

Klikk her for å sjå korleis du går fram for å testa deg.

Til toppen