20. juli: Seks smitta siste veka

Klikk for stort bileteFrå 14. til 19. juli har seks nye personar i Bjørnafjorden kommune fått påvist smitte av Covid-19.

Det har vore relativt få smittetilfeller av Covid-19 i Bjørnafjorden i sommar. 

14. juli fekk ei ung dame og ei jente i barneskulealder påvist smitte.

- Dei to er ikkje i relasjon til kvarandre. Vi meiner å ha kontroll på smittevegen i begge desse tilfella, seier fungerande kommuneoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen.

16. juli blei det påvist smitte hos tre nye personar. Ein mann, ei kvinne og ein gut. Alle i familie med jenta i barneskulealder.

- Alle nærkontaktar har blitt testa og vi har ikkje fått positive testresultat tilbake.

19. juli fekk ein mann påvist smitte av covid-19.

- Dette var ein mann i karantene og smittevegen er kjent.

- Vi har med andre ord kjent smitteveg på alle og det er difor inga grunn til uro. Eg meiner vi har god oversikt, avsluttar Johannesen.

Slik går du fram for å teste deg 

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing måndag-laurdag.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag og torsdag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

Til toppen