25. februar: Tre nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune


Klikk for stort bileteTre personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden i går, 25. februar.

  • Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. Ukjend smitteveg. Elevar og lærarar som er nærkontaktar er sett i karantene. Les meir om dette her.
  • Kvinne i 40-åra. Same husstand som eleven ved Nore Neset ungdomsskule. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar i karantene.
  • Ungdom i slutten av tenåra. Elev ved vidaregåande skule i Bergen. Smittevegen er kjend og nærkontaktar i karantene.

- Vi har i tillegg fått stadfesta at éi av dei to positive prøvene frå 23. februar er av den engelske koronavarianten. Dette dreier seg om ein person som kom frå utlandet, og blei testa ved ankomst på Flesland. Han har ein nærkontakt i same husstand, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Slik går du fram for å teste deg for korona

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.


 

Til toppen