3. mars: Fire nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteFire nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune. Høg aktivitet på teststasjonen onsdag.

Kommuneoverlegen i Bjørnafjorden kommune fekk onsdag ettermiddag rapportert tre nye smittetilfelle i kommunen.

  • Mann i 70-åra. Kjent smitteveg frå anna kommune.
  • Kvinne i 30-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
  • Kvinne i 20-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.

I tillegg har kommuneoverlegen i morgontimene torsdag morgon mottatt melding om at ytterlegare eit barn i barnehagene er smitta med SAR-COV-2. 

Dei nye utbrota i påverkar ikkje karantenetida for nærkontaktane i barnehagen. Den gjeld framleis fram til og med 10. mars.

Rundt 180 testar

Kapasiteten ved teststasjonane i kommunen er god og onsdag blei det testa omlag 180 personar.

- Om det er rekord har eg ikkje oversikt over her og no, men det er i øvre sjiktet av kor mange vi har testa på ein dag og syner at vi har god kapasitet på teststasjonen når det trengs, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Til toppen