31. oktober: Ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist covid-19. Ti bebuarar og fem tilsette i karantene

Klikk for stort bileteEin tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19.
Som følgje av dette er ti bebuarar og fem tilsette i karantene fram til og med 8. november (10 dagar etter sist nærkontakt med den smitta).
- Alle som har hatt nærkontakt med den smitta er varsla, og vil bli testa, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Pårørande og tilsette har fått beskjed

Bebuarane og dei tilsette må vere i karantene perioden ut, sjølv etter negativ test.
Avdelingsleiaren har ringt og informert pårørande til dei ti bebuarane i karantene. Tilsette ved den aktuelle avdelinga og dei andre tilsette på Luranetunet har fått informasjon på SMS. I tillegg møtte leiinga ved Luranetunet dei tilsette som kom på vakt i kveld for å orientere om situasjonen.

Den smitta er busett i Bergen, og blei smitta der.

Så trygt og normalt som mogleg

- Det er ingen mistanke om smitte til andre avdelingar. Besøksrutinane til resten av Luranetunet vil vere uendra.
Det er éi gruppe ved éi avdeling som er i karantene, ikkje ei heil avdeling. Ingen av dei som er i karantene har symptom på covid-19. No har vi fokus på å gjere det så trygt og normalt som mogleg for bebuarane våre og dei tilsette i ein unormal situasjon. Dette er ein tøff beskjed å få for oss alle, men eg er sikker på at vi skal greie det saman, seier einingsleiar ved Luranetunet, Åslaug Brænde.

Til toppen