4. januar: Åtte nye tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune


Klikk for stort bilete

Åtte personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går, 4. januar.

Same husstand: 

  • Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i annan kommune. 
  • Gut,12 år: Smitta av nærkontakt i annan kommune.

Same husstand:

  • Jente, 7 år: Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.
  • Gutt, 5 år: Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.

Andre:

  • Kvinne i 30-åra: Påvist i samband med innreise frå utlandet.
  • Mann i 40-åra: Påvist i samband med innreise frå utlandet.
  • Kvinne i 60-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.
  • Jente, 16 år: Kjend smitteveg.

Alle nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Ordførar Trine Lindborg inviterer til pressebrief tysdag 5. januar klokka 11.15 ved hovudinngangen til Bjørnafjorden rådhus.
Lindborg vil saman med kommuneoverlege Klaus Melf orientere om status for smittesituasjonen og testkapasitet i Bjørnafjorden kommune.

Her kan du sjå pressebriefen ordførar Trine Lindborg og kommuneoverlege Klaus Melf heldt i samband med dei høge smittetala.

 

Slik går du fram for å teste deg for korona

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag.

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.


 

Til toppen