5. november: Nytt tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteEi kvinne i 50-åra har testa positivt for covid-19.
Kvinna er smitta i utlandet.

Den smitta er busett i ein annan kommune, men har vore i karantene i Bjørnafjorden kommune etter utanlandsreisa, saman med ein person i reisefølget sitt. Denne personen har testa negativt for covid-19.
Kvinna blei innlagt på Haukeland universitetssjukehus etter vurdering av koronalegevakta i Bjørnafjorden kommune i går, 5. november. Smitten blei påvist på sjukehuset. Ho er utskriven i dag, og reiser tilbake til bustadkommunen sin. Her vil ho vere isolert til ho testar negativt for koronavirus.

- Det er ingen andre nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Til toppen