6. og 8. november: Fire nye tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteFire personar har testa positivt for covid-19 i Bjørnafjorden kommune i helga: éin på fredag kveld, tre på søndag.

Dei fire smitta er tre menn i 20-åra og ei jente tidleg i tenåra. Jenta har ikkje vore på skulen i smittsam fase. Ingen av smittetilfella er relaterte til kvarandre.

- Smittevegen er kjend i alle tilfella. Alle fire er smitta utanfor kommunen, og alle nærkontaktar er varsla, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Til toppen