9. juni: Eitt nytt smittetilfelle på onsdag

Klikk for stort bilete

Ein mann i 80-åra fekk påvist covid-19 i går, onsdag. Mannen er fullvaksinert og husstandsmedlem til eit anna påvist smittetilfelle. Smittetilfellet har samband med utbrotet ved Luranetunet.

- Mannen har ingen symptom, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

    Slik går du fram for å teste deg 

    Klikk her for å bestille time for testing

    Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

    Her kan du bli testa

    • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing måndag-laurdag.
    • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag og torsdag. 

    Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

     

    Til toppen