9. mars: Eitt nytt smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune


Klikk for stort bileteEit barn i Flåten naturbarnehage fekk påvist covid-19 i går, tysdag.

Totalt 21 personar testa positivt i samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage

Alle nærkontaktar som har vore i karantene i samband med utbrotet, blei testa på nytt på måndag. Eitt barn testa positivt.  

Barnehagen kan opne att i morgon

- Flåten naturbarnehage kan opne igjen i morgon, torsdag. Dei som kan vende tilbake til barnehagen har då vore i karantene i 10 dagar, testa negativt to gonger og ikkje hatt symptom på covid-19. Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine retningslinjer som tilseier at det no er smittevernfagleg trygt å opne barnehagen igjen, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

- Eg vil samstundes skryte av alle dei flinke og tolmodige barna og vaksne knytt til Flåten naturbarnehage, som har takla denne utfordrande situasjonen på ein veldig god måte, seier Nordvik Dale. 

Slik går du fram for å teste deg for korona

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.


 

Til toppen