9. november: Ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist covid-19. 16 bebuarar og sju tilsette i karantene

Klikk for stort bileteEin tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19.
Som følgje av dette er 16 bebuarar og sju tilsette i karantene.
- Alle som har hatt nærkontakt med den smitta er varsla, og vil bli testa, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Ingen mistanke om smitte til andre avdelingar

- Det er ingen mistanke om smitte til andre avdelingar. Vi har gode smittevernrutinar på Luranetunet, og besøksrutinane til resten av Luranetunet vil vere uendra.
Ingen av dei som er i karantene har symptom på covid-19. Alle vil bli testa i løpet av dagen. Dette er ein alvorleg beskjed å få, men vi har gode rutinar og flinke tilsette som står på i ein krevjande situasjon, seier einingsleiar ved Luranetunet, Åslaug Brænde.

Den tilsette er busett i Bjørnafjorden kommune. 

Pårørande og tilsette har fått beskjed

Bebuarane og dei tilsette må vere i karantene perioden ut, sjølv etter negativ test.
Avdelingsleiaren har ringt og informert pårørande til bebuarane som no er i karantene og dei øvrige tilsette ved den aktuelle avdelinga. Dei tilsette ved andre avdelingar på Luranetunet har fått informasjon på SMS og e-post.

Til toppen