9. og 11. april: Tre nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune i helga

Klikk for stort bileteTre personar fekk påvist smitte i løpet av helga.

Fredag 9. april:

  • Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg
  • Mann i 40-åra. Ukjend smitteveg

Søndag 11. april:

  • Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg

Nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Slik går du fram for å teste deg 

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

Til toppen