Anbefaling om fleire dosar til nye målgrupper - med ny omikronvaksine

FHI anbefaler fjerde koronavaksinedose til alle over 65 år. No anbefaler dei òg personar mellom 18 og 64 år med risiko for alvorleg koronaforløp å ta fire vaksinedosar.
Ungdom mellom 12 og 17 år med alvorleg grunnsjukdom blir anbefalt å ta tre dosar koronavaksine.
 

Dersom du tilhøyrer ei av desse målgruppene, kan du bestille time til vaksinering. 

Fire vaksinedosar er anbefalt ved desse underliggande risikotilstandane (18-64 år)
  • organtransplanterte
  • alvorleg og moderat immunsvikt
  • immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdommar
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
  • alvorlege nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som gir nedsett hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • kronisk nyresjukdom og nyresvikt
  • kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
  • demens
  • kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • hjerneslag
  • diabetes, og då særleg pasientar med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetesseinkomplikasjonar.
Tre vaksinedosar er anbefalt ved desse grunnsjukdomane (12-17 år)
    • Organtransplantasjon (f.eks. hjarte, nyre, lever)
    • Immunsvikt (t.d. medfødt immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
    • Hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
    • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (i løpet av dei siste seks månadane) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
    • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som gir nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
    • Kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsett nyrefunksjon
    • Alvorleg hjartesjukdom (barn med hjartesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, eittkammer-sjukdom/"Fontan-barn")
    • Alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har ført til akutt sjukehusinnlegging i løpet av det siste året)
  • Annan svært alvorleg sjukdom, etter vurdering av barnelege.

Oppdatert koronavaksine

- Frå neste veke begynner vi å vaksinere med ein ny og oppdatert versjon av koronavaksinen som rettar seg mot omikronvarianten. Det er denne vaksinen vi tilbyr som tredje og fjerde vaksinedose, fortel Melf.

Slik bestiller du koronavaksine

Massevaksinering i Oshallen og Fjord'n senter onsdag 21. og 28. september.
Bestill time på helsenorge.no (logg inn med Bank-id) eller ring telefon 913 58 649. Telefontid er måndag og tysdag, kl. 12-15.30.
Du kan òg berre komme innom mellom klokka 8.30 og 12 på massevaksinasjonsstasjonane, men då må du gjerne rekne med litt ventetid.

  • Du kan òg ta vaksine hos fastlegen din. Dei fleste fastlegar tilbyr koronavaksine. Alle over 12 år kan i tillegg ta koronavaksine ved eitt av apoteka som tilbyr dette. Les meir og bestill vaksine 

Bjørnafjorden kommune sender ikkje innkalling til vaksinering. Du må sjølv bestille time, anten hos fastlegen, på apotek eller massevaksinering.
Koronavaksine er gratis.

Les også:

Til toppen