Anti-dopingarbeid på gang i Bjørnafjorden

Fire frå styringsgruppa i antidopingarbeidet i Bjørnafjorden kommune på folkehelseseminar: frå venstre ruskonsulent Carl-André Dahl, SLT-koordinator Elin Tuft, Christian Lund frå Meistringsteamet og helsesjukepleiar Aslaug Singelstad.Det er sett ned ei styringsgruppe som skal jobbe for å førebygge dopingbruk i Bjørnafjorden kommune. Sist veke deltok fire av styringsgruppemedlemmane på nasjonalt folkehelseseminar på Flesland. Eitt av treningssentera i kommunen vår deltok òg.

- Seminaret gav oss innblikk og kunnskap om doping, haldningar, trendar og konsekvensar av dopingbruk. Dette tar vi med oss vidare i planlegging av arbeidet lokalt neste år. I 2022 skal vi mellom anna ha fagseminar, haldningsskapande arbeid i skulane og vi vil etablere eit samarbeid med treningssentera i kommunen, fortel styringsgruppemedlem og SLT-koordinator i Bjørnafjorden kommune, Elin Tuft.

Her kan du lese meir om Antidoping Norge sitt arbeid.

Til toppen