Barnehagebarn i karantene

Klikk for stort bileteTo barn i Skorvane FUS barnehage er nærkontaktar til eit påvist covid-19-tilfelle i ein annan kommune, og er sett i karantene.

Barna og tilsette i to avdelingar ved barnehagen må vere i ventekarantene til dei to nærkontaktane har testa negativt på første test. Testresultatet er truleg klart i morgon, laurdag.

Barnehagen har informert føresette og tilsette. 

- Barn i ventekarantene treng ikkje teste seg, med mindre dei har symptom på luftvegsinfeksjon. Familien/husstandsmedlemmene til barn i ventekarantene, treng ikkje vere i ventekarantene, med mindre barnet har symptom, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
 

Til toppen