Det er viktig at behandlinga startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom, bør du teste deg for korona, slik at du eventuelt kan komme i gang med tablettane så raskt som mogleg.
Kven vil ha nytte av Paxlovid?
Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:
- Dei som har alvorleg immunsvikt.
- Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
- Alle som er over 80 år.
Kva skal du gjere viss du får luftvegssymptom?
Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du òg feber eller vondt i hovudet.
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag, i inntil fire dagar. Her kan du hente gratis sjølvtestar.
- Viss sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt. Legen gir deg resept på Paxlovid dersom det er aktuelt.
- Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.
Viss symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten er negativ.
Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?
- Personar med alvorleg immunsvikt, til dømes med beinmargskreft eller lymfekreft som får medisinar som slår ut immunforsvaret.
- Personar over 65 år, som ikkje har fått koronavaksine dei siste seks månadene, og har ein alvorleg kronisk sjukdom.
- Personar over 80 år.
- Personar over 50 år som aldri har tatt koronavaksine.
På helsenorge.no finn du meir informasjon om kven som har høg risiko for alvorleg koronasjukdom og kva du skal gjere viss du blir sjuk.
Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona, er å ta koronavaksine. Slik kan du ta koronavaksine.