Besøksrutinar for sjukeheimane i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Anbefaling om å avgrense talet på personar vi har kontakt med, og å halde seg til dei same personane over tid (altså ikkje nye gjester kvar dag) vil framleis vere gjeldande for bebuarar i sjukeheim. Vi oppmodar til å avgrense talet på besøkande slik at det er mogleg å halde ein meter avstand.

Vi oppmodar på det sterkaste at besøkande frå kommunar eller område med stort smittepress, utset besøk til sjukeheimane.

Før besøket:

  • Ring avdelinga for å avtale besøk på førehand.
  • Under besøk må du halde 1 meters avstand til den du besøker, tilsette og andre bebuarar. (Unntak for koronavaksinerte besøkande til koronavaksinerte bebuarar, sjå "Under besøket").
  • Besøkande må følgje gjeldande rutinar og smittevernråd. Vask hendene grundig med såpe og vatn/desinfeksjonsmiddel, også ved besøk utandørs.
  • Besøkande må bruke munnbind i kontakt med uvaksinerte bebuarar.
  • Personar med bekrefta eller sannsynleg covid-19-smitte kan ikkje komme på besøk til sjukeheimane. Det same gjeld personar i heimekarantene og personar med symptom på luftvegsinfeksjon. Sjølv ved milde symptom, skal du halde deg heime.
  • Sjukeheimane held oversikt over besøkande, slik at det er mogleg å gjennomføre smittesporing på ein effektiv måte dersom det skulle bli nødvendig.

Sjå kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane ved Luranetunet bu- og behandlingssenter.

Sjå kontaktinformasjon til Fusa og bu- og behandlingssenter.

Under besøket:

Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, til dømes gi ein klem, til eit avgrensa tal uvaksinerte besøkande. Desse må vere dei same over tid.

Uvaksinerte bebuarar bør unngå tett kontakt ansikt til ansikt. Besøkande må bruke munnbind i kontakt med uvaksinerte bebuarar.

  • Alle bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande. 
  • Dersom besøkande har med mat, må alle vaske/sprite hendene før måltidet. Besøkande kan ikkje nytte fellesareala i avdelinga.
  • Alle felles berøringspunkt i rommet kor besøket føregår vil bli reingjort fleire gonger dagleg.
Til toppen