Bevaring av favorittleikeplassen for framtida

Leikeplassar: Eit lite skogholt kan faktisk vere både jungel, racerbilbane og heile universet. Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Finst favorittleikeplassen din frå barndomen framleis? I følgje forsking var favorittleikeplassen din mest sannsynleg ein stad i naturen, eller i nærleiken av naturelement som eit berg, klatretre, froskedam, ås eller i eit skogholt.

Ligg plassen der framleis, urørt, akkurat slik du hugsar han? 
For å bevare dei gode og verdifulle leikestadane for nye generasjonar, treng vi hjelp frå deg som er lokalkjend til å registrere dei. Bevaring av leikeplassar er ein del av arbeidet med barnetråkk, og inngår i planstrategien for Bjørnafjorden kommune.

Kva er barnetråkk?

Barnetråkk er ein metode for medverknad og betre samfunnsplanlegging for barn og unge. Kartlegging og registrering av barn og unge sine uteopphaldsareal starta i tidlegare Os kommune i 2018. Registreringane frå dette arbeidet er implementert i Bjørnafjorden kommune sine kartløysingar og blir brukte i kommunalt planarbeid i dag. 

Sjå video: Barnetråkkregistreringa i Os kommune 2018

Vi skal fylle Barnetråkksbanken

No skal planavdelinga i Bjørnafjorden kommune igjen registrere kor dagens barn og unge leikar og oppheld seg i kommunen vår i ein Barnetråkksbank. Målet med Barnetråkksbanken er å kartlegge og registrere dei gode leikestadane rundt om i kommunen vår, slik at vi kan bevare dei for framtida. Vi ønskjer oversikt over alle leikeplassane i kommunen, både offentlege og private. 
Til dette arbeidet treng vi hjelp frå deg som er lokalkjend til å registrere i kartet kor barn og unge leikar - stadar dei meiner er verdifulle og som dei ønskjer å spare for framtida.

Registrering av leikeplassar

Ein leikeplass kan vere ein nærleikeplass med leikeapparat i eit bustadfelt, eit idrettsanlegg eller ein naturleikeplass, som ein akebakke eller eit klatreberg.

Du kan registrere punkt i kartet heilt fram til 31. desember 2022. Registreringane vil vere synlege for alle som går inn i kartet.

Registrer leikeplass i Barnetråkksbanken 

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune Kanskje kan kommande generasjonar ha den same favorittleikeplassen som deg?

 

Kontakt

Lene Drageset Lyssand
Rådgjevar
Mobil: 41257658