Bjørnafjorden kommune innfører gult nivå i barnehagar og grunnskular og vidarefører karanteneordning

På grunn av smittesituasjonen i kommunen, har kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune vedtatt å innføre gult smittevernnivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular. I tillegg har Bjørnafjorden kommune vedtatt ei lokal forskrift som vidarefører smittekaranteneordninga for barn og unge under 18 år.

Gult nivå ved barnehagar og grunnskular

Kommunal kriseleiing (KKL) var samla til møte onsdag ettermiddag for å drøfte tiltak for å få bukt med dei høge smittetala i kommunen. Dei siste 14 dagane har 51 personar fått påvist covid-19 i Bjørnafjorden, og trenden er stigande.
Etter råd frå kommuneoverlegen, vedtok KKL å innføre gult smittevernnivå ved barnehagar og grunnskular i Bjørnafjorden kommune. Dei vidaregåande skulane i kommunen er allereie på gult nivå. 

- Det er leit å måtte innføre strengare smitteverntiltak så raskt etter oppstart i barnehagar og skular, men dessverre nødvendig i den situasjonen vi er i, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Gult smittevernnivå vil gjelde frå så snart som mogleg, og seinast frå fredag 20. august. Barnehagane og skulane vil sjølve informere tilsette og føresette om konsekvensane av dette.

Her kan du lese meir om trafikklysmodellen for barnehagar og skular og kva gult lys/nivå inneber

Lokal forskrift om fortsatt smittekarantene for dei under 18 år

Nye nasjonale retningslinjer som trådde i verk 16. august, seier at barn og unge under 18 år ikkje lenger må i smittekarantene når nokon i klassen eller avdelinga får påvist smitte. I utgangspunktet betyr denne nye regelen at dersom eit barnehagebarn eller ein elev får påvist smitte, må dei andre barna i klassen/avdelinga ikkje lenger gå i smittekarantene, men i staden bli testa hyppig over fleire dagar etter smitteeksponering. Retningslinjene seier òg at testinga skal gå føre seg ute i barnehagane og skulane.

Bjørnafjorden kommune kjem førebels ikkje til å innføre testing som ei erstatning for smittekarantene for dei under 18 år, og har i staden innført ei lokal forskrift som vidarefører ordninga med smittekarantene for nærkontaktar under 18 år. Forskrifta gjeld i første omgang til og med tysdag 31. august 2021.Kommuneoverlege Klaus Melf. Os og Fusaposten  

Karantene meir effektivt i denne situasjonen

- Vi vurderer karantene for nærkontaktar som eit langt sikrare og meir effektivt smitteverntiltak i denne situasjonen. Ved kvart utbrot har vi fått bevist at karantene er svært effektivt for å få kontroll og stanse smitten. Når testing skal erstatte karantene, vil det vere langt større sjanse for at nokre smittetilfelle går under radaren og smitten kjem ut av kontroll - spesielt no når vi har komme tilbake frå ferie og gjerne har tatt litt lett på smittevern. 
Vi har per i dag heller ikkje ressursar til å reise rundt og teste ute i einingane, og dei tilsette i barnehagane og skulane skal ikkje utføre testane, seier kommuneoverlegen.

Til toppen