Bli med å gi namn til det nye parkeringshuset

Parkeringshus - Klikk for stort bileteFoto: UnsplashKommunen skal bestemme namn på det nye parkeringsanlegget som er under bygging. Før vi konkluderer vil vi ta ein runde for å få innspel frå publikum!

Parkeringshuset skal stå på tidlegare Os prestegard, og det som i seinare år har vore grusbanen ved Os ungdomsskule. Næraste nabo er Minneparken. Den ligg på det som er kalla Giskavollen. Giskavollen er òg namnet på vegen parkeringhuset skal ligge til. På andre sida av anlegget mot aust går vegen Landboden. Anlegget ligg på Osøyro – her er det med andre ord mange namnealternativ! 

Nytt parkeringshus på Osøyro hausten 2021 - Klikk for stort bileteHer kjem det nye parkeringshuset. Foto: Torgeir HolmeHar du forslag til namn, vil vi gjerne høyre dei!

Send namneforslaget ditt på e-post til post@bjornafjorden.kommune.no (merk e-post med saksnr. 21/5462), eller som ein kommentar under saka på facebooksida vår.
Send innan 15. august

Til toppen