Bli med på julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre: Saman om ei god jul for alle

Tronge tider gjer at mange slit med å få endane til å møtest i kvardagen - og dei økonomiske utfordringane blir endå større når det nærmar seg høgtid.

– Mange familiar har ikkje råd til å gi julegåver til barna sine i år, eller til å handle inn noko som helst ekstra i samband med julefeiringa. Dette skjer hos oss, her i Bjørnafjorden. Og det skjer med heilt vanlege folk, som deg og meg, seier dagleg leiar i Os frivilligsentral, Stine Kobbeltvedt.

Stine Kobbeltvedt i Os frivilligsentral og mange gode hjelparar frå lags- og næringsliv står bak julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre, som samlar inn julegåver til barn og unge i familiar med økonomiske utfordringar.

Julegåveaksjon som fellesprosjekt

Stine Kobbeltvedt er initiativtakar til julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre, som er eit fellesprosjekt mellom frivilligsentralane, eldsjeler, hjelpeorganisasjonar, kommunale einingar og næringsliv i kommunen vår. 
Målet for prosjektet er å spreie glede og varme til barn, unge og familiar som har det ekstra trongt i samband med jul, gjennom eit felles julegåveprosjekt kor privatpersonar og næringsliv kan oppfylle juleønske frå barn og unge i nærmiljøet. I tillegg vil Stine og dei gode hjelparane hennar bidra med julemat til dei som treng det.

Os frivilligsentral styrer prosjektet

− Mange enkeltpersonar og organisasjonar gjer ein formidabel innsats for folk som treng hjelp i Bjørnafjorden gjennom heile året. Vi samarbeider med fleire av desse om julegåveaksjonen, mellom anna det nye styret i SOS Bjørnafjorden, som er tett på målgruppa for prosjektet. Bjørnafjorden kommune ved Os frivilligsentral har ansvar for prosjektleiing og økonomi, slik at ingen enkeltpersonar blir sitjande med heile ansvaret. Ved å samarbeide på denne måten, håpar og trur vi at vi kan hjelpe endå fleire. Vi gler oss over stor velvilje frå næringsliv, lag og organisasjonar i kommunen, fortel Stine.

Slike "hjartetre" vil stå på Amfi Os og Fjord'n senter i førjulstida. Kvart hjarte har eit gåveønske frå eit barn i Bjørnafjorden, som kanskje ikkje får andre julegåver i år. Dømet er frå ein annan kommune.

Hjartetre med gåveønske

Prosjektet har fått namnet sitt frå “hjartetrea” du vil finne på Amfi Os frå 18. november og Fjord'n senter frå 25. november. På desse juletrea vil det henge hjarte med gåveønske frå barn mellom 0 og 18 år i Bjørnafjorden kommune. Sjølve hjarta er laga av elevar som har faget Innsats for andre ved Nore Neset ungdomsskule. 
Du kan oppfylle eit ønske ved å kjøpe ei gåve til eit barn eller bidra økonomisk ved å vippse valfritt beløp til #830959 Prosjekt Hjartetre.

Du er ikkje åleine

–Vi har allereie fått inn ein god del ønske via ulike kanalar og kommunale tenester. I tillegg vil vi svært gjerne nå fram til deg som ikkje er i kontakt med hjelpeapparatet til vanleg, men som har det ekstra tøft økonomisk for tida. Mange kjenner på skam og utanforskap fordi dei ikkje har råd til å gjere som “alle andre”. Sanninga er at svært mange slit økonomisk for tida - du er slettes ikkje den einaste. Vi merkar alle at det har blitt dyrare å leve. Om du likevel vil dele av det du har, bidrar du til eit varmare samfunn rundt deg. Neste gong kan det vere du som treng hjelp frå fellesskapet. Lat oss gå saman om ei god jul for alle, oppmodar Stine.