Den europeiske mobilitetsveka har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Veka går av stabelen 16.-22. september. Måndag og onsdag skjer det konkrete ting i Bjørnafjorden:
Måndag 18. september klokka 7.30–9.00 er det utdeling av bollar og smågåver til dei som reiser kollektivt, syklar og går, på
Osøyro bussterminal
Onsdag 20. september klokka 11–12 er det sykkelshow og aktivitetar på Fusa ungdomsskule. Det blir feiring av Mobilitetsveka 2023 med eit spektakulært sykkelshow med MOOW.
Onsdag 20. september klokka 16–19 er det sykkelshow og aktivitetar ved rådhuset, Osøyro. Det blir feiring av Mobilitetsveka 2023 med eit spektakulært sykkelshow med MOOW.
Det blir også gratis sykkelservice, og BUA låner ut utstyr ved pumptrack-bana.
Kom og bli med!
Sjå programmet for Mobilitetsveka i alle kommunane på Program for Mobilitetsveka 2023 (miljoloftet.no)
Kanskje kan du delta på meir?