Bli med på strandryddeveka 2021!

Klikk for stort bileteFemteklassingane på Nore Neset barneskule plukka sekkevis med boss på Strandryddedagen 2018. Midtsiden.no / Kjetil Vasby Bruarøy Frå laurdag 11. til søndag 19. september går vi saman om å rydde strandsona i Bjørnafjorden. Os Rotary Klubb, Fusa Lions Klubb og Bjørnafjorden kommune inviterer alle frivillige, skuleklassar, barnehagar, bygdelag og organisasjonar til å vere med og rydde strendene våre.  

Strandryddeveka er ein del av Hold Norge rent-aksjonen som er ein ideell organisasjon som arbeider mot forsøpling.

Slik blir du med

Ta kontakt med Fusa Lions Klubb ved Andreas Næss: aknaess@online.no, tlf. 94 82 38 76 eller Sveinung Olsen: sveinuno@online.no, tlf. 41 45 17 77. Os Rotaryklubb ved Øyvind Tøsdal, tlf 98234450 , mail: oyvind@tosdal.no eller Leo Corneliussen, tlf 48053016., mail: incornel@gmail.com.

Oppgi kven som er kontaktperson for ditt ryddelag, hugs å ta med e-post-adresse og telefonnummer.  

Os Rotary Klubb og Fusa Lions Klubb har saman kartlagt kvar det er mest plast og boss langs heile den 355 kilometer lange strandlinja i Bjørnafjorden kommune. Dei to klubbane organiserer utdeling av bossekkar og arbeidshanskar, og informerer om område, sikkerheitsreglar og levering av bosset. Dersom det er nødvendig å nytte båt, kan dei organisere skyss. 

Til toppen