Bli med til Øvreeide gard 23. juni!

Moro for store og små på Øvreeide gard. Øvreeide gard Os frivilligsentral og Norsk Folkehjelp inviterer deg til ein hyggeleg og opplevingsrik dag ved Øvreeide gard i Hegglandsdalen, torsdag 23. juni kl. 11-15. Det blir sett opp skyttelbuss tur-retur Osøyro.

Alle er velkomne: store og små, unge og gamle, familiar og eineståande. 
Arrangementet er gratis.
Det er maks plass til 200 personar, så meld deg på så snart som mogleg, og innan 13. juni.

Kva skjer?

På Øvreeide gard kan vi sjå på dyra, padle kano, grille, køyre leiketraktor og leikebil, skyte med pil og boge, køyre hest og kjerre og leike og kose oss ute saman med mange andre store og små.

Ta med deg den maten du ønskjer å grille. Øvreeide gard står for salat, potetsalat og kaffimat.

Slik kjem du deg dit

Skyttelbuss frå Os bussterminal til Øvreeide gard i tidsrommet kl. 10.30-11.30 og retur frå Øvreeide gard til Os bussterminal i tidsrommet kl. 15-16.

Dersom du ønskjer å køyre bil sjølv, gir du beskjed om dette ved påmelding.

Adressa er: Øvreeide gard, Hegglandsdalsvegen 499, 5211 Os.

Slik melder du deg på

Ring eller send SMS til Norsk Folkehjelp v/Yvonne Remes, telefon 450 83 886

Påmeldingsfrist er 13. juni 2022.

  

Til toppen