BUA Bjørnafjorden opnar tysdag 15. juni

Klikk for stort bilete15. juni skjer det mange har venta på. Då opnar Bjørnafjorden kommune sin eigen utlånssentral for idrett- og friluftsutstyr: BUA Bjørnafjorden. Ordførar Trine Lindborg stiller som snorklyppar og gudmor for sentralen. Det blir innslag frå 6. klasse ved Os barneskule.

Tysdag 15. juni klokka 17 er du velkommen til høgtidleg opning utanfor og i BUA sine lokale i Holtbrekka på Osøyro. Her kan du både sjå og prøva det flotte utstyret BUA låner ut heilt gratis. Opninga blir eit arrangement for heile familien.

Utlån ved personleg oppmøte

BUA Bjørnafjorden får i første omgang ein utlånssentral og hovudlager i Os næringspark, vegg i vegg med biblioteket. I tillegg blir det eit utlånspunkt i Eikelandsosen ved biblioteksfilialen i Kommunetunet på Leiro. I starten blir det utlån med personleg oppmøte i sentralen på Osøyro. Du kan på sikt reservera utstyr på nett og få det utlevert anten i Eikelandsosen eller på Osøyro.

For heile familien, året rundt

BUA er eit flott, nytt tilbod i kommunen vår, og vil gjera det mogleg å vera i aktivitet heile sommaren på heimebane. Med alt frå hagespel og slakkline til wakeboard og SUP-brett, finn du noko spennande for heile familien og til mange ulike aktivitetar året rundt. Du kan sjå kva utstyr sentralen kan by på via nettsida bua.io eller stikka innom i Bua-sentralen. Dei faste opningstidene til sentralen på Osøyro vil vera tysdag og torsdag kl. 17-19, dagar det òg er kveldsope i biblioteket.

Smittevern på plass

Arrangementet på opningsdagen er i friluft på plassen framfor BUA-sentralen, og på grunn av smittevern blir det maks 200 deltakarer. Det vil vera handsprit tilgjengeleg og tilrettelagt for godt smittevern.

Her kan du oppretta brukarprofil for BUA

BUA Bjørnafjorden er eit tilbod i Os frivilligsentral og kultureininga, og er blitt til gjennom tilskot og finansiering frå Bjørnafjorden kommune, Bufdir, bua.io og Sparebankstiftelsen SR-bank.

Les meir om BUA Bjørnafjorden 

Til toppen