Ekstraordinært kommunalt næringsfond for Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteKommunane har fått løyvd ekstraordinære midlar øyremerkte kommunale næringsfond for å motverke dei negative effektane av covid-19-utbrotet.

Løyvinga til Vestland fylkeskommune er totalt 75,3 millionar kroner. Bjørnafjorden kommune har fått tildelt 1 900 281 kroner av desse.

Kven kan søkje om støtte?

Målgruppa for ordninga er bedrifter og andre næringsaktørar som legg til rette for/gir støtte til næringsutvikling.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sine kriterium for tildeling

  • Søknad og rapportering skjer via Regionalforvaltning.no. 
  • Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig.
  • Betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet blir vektlagt.
  • Kriteria for måloppnåing er utvikling i sysselsetting og tal på arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk vekst.
  • Støtta skal gis i tråd med regelverket om offentleg støtte.

Dette legg kommunen vekt på ved tildeling:

  • i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, auka sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak kan tenkast å motverke negative verknader av covid-19-utbrotet.
  • kor raskt tiltaket kan settast i gang.

Dei ekstraordinære midlane kan bli gitt som tilskot til utviklingstiltak og skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løpande driftskostnader.

  • Midlane skal nyttast til varig næringsutvikling og ikkje som reine sysselsettingstiltak.
  • Samarbeidsprosjekt mellom fleire næringsaktørar kan støttast.
  • Det er ønskjeleg at innsatsen bidrar til å styrke digitalisering, sirkulærøkonomi og det grøne skiftet i næringslivet.

Tilskot 

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent. Tilskotet blir gitt etter reglane for offentleg støtte. Gjeldande satsar i reglane for "bagatellmessig støtte" og i det alminnelige gruppeunntaket skal følgast. Alle tilskot gitt etter reglar om offentleg støtte skal vere registrerte i regionalforvaltning.no.

Midlane skal gå til dei som har eit reelt behov. Behovet skal vere dokumentert i søknaden. Midlar tildelt på feilaktig grunnlag skal bli betalt tilbake.

Søknadsfrist er 1. oktober 2020.

Tildelt støtte må brukast innan eitt år frå vedtaksdato. Det  er mogleg å søkje om utsetting.

Utbetaling

Tilskotsmidlane blir i utgangspunktet utbetalte etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis bli utbetalt etter kvart som tilskotsmottakar dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Dersom det er nødvendig for at prosjektet skal komme i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet bli utbetalt ved oppstarten av tiltaket.

Slik går du fram for å søkje

Søknad om tilskot skal skje via regionalforvaltning.no. Ikkje send søknad direkte til kommunen. Søknadsfrist: 1. oktober 2020.

Gå til søknad på regionalforvaltning.no

Kontakt

Andris Hamre
Leder
Mobil: 479 06 111
Elin Thorsen Kløverød
Leder
Telefon: 993 45 108
Mobil: 993 45 108
Til toppen