Elevar ved Os ungdomsskule i karantene

Fusion Medical Animation, Unsplash Ein elev på 10. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19. Som følgje av dette er eit tredvetals elevar og tre lærarar på trinnet i karantene.

Alle som er nærkontaktar ved skulen har fått beskjed. Smittevegen er kjend, og frå ein annan kommune.

Elevane har fått beskjed om å teste seg å snart som mogleg, og på nytt 1. september (dag 7 for smitteeksponering). Ved negativ test på dag 7, kan elevane gå ut av karantenen.

Karantenen gjeld berre nærkontaktar, og ikkje deira husstandsmedlemmer.

Til toppen