Er livet tungt? Det kan bli lettare

Er du nedstemt, eller slit du med angst, stress og låg sjølvkjensle? Du er langt ifrå åleine om å ha det slik - og det er god hjelp å få.

 

Om kurset

Kurset er eit gruppetilbod basert på behandlingsforma kognitiv åtferdsterapi. 
Kognitiv terapi handlar om innsikt i samanhengen mellom tankar, handlingar og følelsar. Eit viktig mål er å bryte dei sjølvforsterkande onde sirklane som opprettheld psykiske helseproblem. 
Du jobbar med eigne utfordringar undervegs, og får nokre nyttige verktøy til vegen vidare.

Kva går eigentleg eit slik kurs ut på? Sjå filmen med Harald og Herdis - tidlegare deltakarar på tilsvarande gruppetilbod i Bergen kommune.

Tilbodet er gratis.

Om kurshaldarane

Maren M. Assev er spesialsjukepleiar og Ane Rørvik sjukepleiar i avdeling for psykisk helse og rustenester i Bjørnafjorden kommune. Maren har jobba med tilbodet Rask psykisk helsehjelp i Bergen og Livskrisehjelpen i mange år, og har hatt tilsvarande gruppetilbod i Bergen kommune. Ane jobbar med psykisk helsehjelp, mellom anna på Kontakto.

Kven er tilbodet til?

Alle over 16 år som har kjent på lette til moderate psykiske helseproblem over tid.

Tid og stad

Møterom Våganipa i 4. etasje i Bjørnafjorden rådhus, Torggata 7, 5200 Os. Sjå kart

Nye kursdatoar kjem.

 

Kontakt

Maren Millen Assev
Spesialsykepleier (m/særaldersgrense)
Til toppen