Folkemøta om framtidig skulestruktur: Vi treng dine innspel!
Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
18.- 27. september held vi opne folkemøte i dei fem skulekrinsane der skular blir vurdert nedlagte.
Målet for møta er å samle flest mogleg innspel frå alle som kan bli påverka av ei eventuell nedlegging.
Datoar for folkemøta:
- Strøno barneskule: Gymsalen på Strøno barneskule, måndag 18. september, kl. 18-20
- Os barneskule: Gymsalen på Os barneskule, tysdag 19. september, kl.18-20
- Fusa barneskule: Samfunnshuset på Fusa, onsdag 20. september, kl.18-20
- Ådlandsfjorden barneskule: Gymsalen på Ådlandsfjorden barneskule, måndag 25. september, kl. 18-20
- Halhjem barneskule: Halhjem barneskule, onsdag 27. september, kl. 18-20
Du må seie ifrå
Innspel frå møta og digitale høyringssvar vil danne grunnlaget for saka som politikarane i Bjørnafjorden skal behandle i haust. For å sikre ei grundig og balansert utgreiing, er det viktig at vi samlar innspel frå så mange som mogleg.
- Kva meiner du politikarane må vite om din skule?
- Kva konsekvensar av ei eventuell skulenedlegging må kome fram før politikarane kan ta ei avgjerd?
Slik kan du gi innspel:
Agenda for møta
- Ordførar Trine Lindborg ønskjer velkommen
- Kommunedirektør Christian Fredrik Fotland og kommunalsjef Oppvekst Line Rye orienterer om kommunen sin økonomiske situasjon og arbeidet med utgreiing om skulestruktur
- Innspel frå salen
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 19.09.2023 12:48