Grønt nivå i barnehagar og skular frå neste veke

Regjeringa har letta på ein del smitteverntiltak, mellom anna for karantene for øvrige nærkontaktar, fritidsaktivitetar, tiltaksnivå i barnehage/skule og skjenking.
Påbod om munnbind, restriksjonar for arrangement og heimekontor for dei som kan, gjeld framleis.
 

Sjå alle dei nasjonale reglane og anbefalingane som gjeld no

Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har vedtatt å innføre grønt tiltaksnivå ved barnehagar og skular frå neste veke:

  • Grønt nivå i barnehagane og vaksenopplæringa i Bjørnafjorden frå måndag 17. januar.
  • Grønt nivå i barne- og ungdomsskulane frå tysdag 18. januar. 
  • Ordinær drift i kulturskulen frå måndag 17. januar.

Barnehagar og skular skal drive smittevernfagleg forsvarleg. Dersom smittesituasjonen tilseier det, kan ein enkelt barnehage eller skule difor innføre eit høgare tiltaksnivå. 

Her kan du lese om kva dei ulike fargane/tiltaksnivåa i trafikklysmodellen for barnehagar og skular inneber.

Les også: Svømmehallane våre opnar i morgon, 15. januar.

Til toppen