Nyheit! Neste skuleår blir det 12 timar gratis SFO for både 1. og 2. trinn

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

I statsbudsjettet for 2023 er det gjort framlegg om å utvide ordninga med 12 timar gratis SFO til også å gjelde 2. trinn. 
Kunnskapsdepartementet skal etter planen vedta forskriftsendringa våren 2023.

Dette betyr at det vil bli langt billigare for både 1.- og 2. klassingar å gå på SFO. Pris for SFO 2023/2024 vil bli justert og publisert etter kommunestyremøtet i mai 2023.

Ordninga gjeld frå skuleåret 2023/2024 og berre for elevar på 1. og 2. trinn. Ordninga gjeld òg SFO-tilbod i feriane.

Kva betyr dette i Bjørnafjorden kommune?

  • Alle barn på 1. og 2. trinn som går på SFO, vil få 12 timar trukke frå på prisen.
  • 12 timar SFO i veka er gratis. Tilbodet er fordelt før skulestart og etter at skulen er slutt for dagen. 
    Sjå kva som er gratis opphaldstid på SFO ved din skule 
    NB! Du må søkje om plass, sjølv om tilbodet er gratis.
  • Utvida tid på SFO må du framleis betale for.
  • Dersom du har søkt om redusert foreldrebetaling for SFO, har du rett på dette i tillegg.
  • Det er ikkje mogleg å kombinere fleire plasstypar.

Pris for SFO varierer med opphaldstype, det vil seie kor mange dagar i veka barnet er på SFO.

  • Du kan velje frå 2-5 dagar.
  • Normal opphaldstid er klokka 7.30-16.30. Nokre skular tilbyr òg utvida opphaldstid frå klokka 7. 

Vi oppmodar foreldre til å vurdere SFO-behovet sett opp mot dei nye prisane.

Har du søkt om SFO-plass og ønskjer å endre plasstype?

Gå til søknadsportalen for å endre innan fredag 9. juni 2023.

Slik går du fram i søknadsportalen:

  • Endre søknad? Vel Mi side ► Aktuelle saker
  • Endre type plass? Vel Mi side ► Mine plasseringar 
  • Seie opp plass? Vel Mi side ► Mine plasseringar